print logo

Veien til prestetjeneste (VTP)

  • Studerer du teologi eller tilsvarande og lurer på om du vil bli prest?
  • Er du temmeleg sikker på at du ikkje skal bli prest - men lurer litt likevel?

Da må du melde deg på "Veien til prestetjeneste". Frist er 15. februar og 15. september.

”Veien til prestetjeneste” (VTP) er eit innføringsprogram for teologistudentar og andre som vurderer å bli prest i Den norske kyrkja. Programmet løper parallelt med teologistudiet. Gjennomføring av programmet er obligatorisk for alle som skal ordinerast til prest i Den norske kyrkja. Biskopane i Den norske kyrkja driv VTP i samarbeid med bispedømmeråda, Det teologiske fakultet/Det praktisk-teologiske seminar, Det teologiske menighetsfakultet og Misjonshøgskolen.

Målet for VTP er:

  • å rekruttere, motivere og førebu til ordinasjon og presteteneste,
  • å vide ut deltakarane sin kjennskap til Den norske kyrkja,
  • å gi deltakar og biskop høve til å bli kjend med kvarandre,
  • å gi biskop som skal stå for ordinasjon, grunnlag for å prøve om deltakaren er skikka til presteteneste.

Ved opptak på VTP-programmet blir deltakarane knytt til eit bispedømme. Ved søknad om opptak sett søkaren opp tre prioriterte ønske om bispedømmetilknyting. Bispedømmetilknytinga kan normalt ikkje bli endra.

I VTP-programmet inngår tre ordinasjonssamlingar (O1, O2 og O3). O1 gjennomførast normalt i løpet av dei to første åra av studiet. O2 følgjer vanlegvis to år etter O1. O1 og O2 går hver over tre dagar. Samlingane skal gi hjelp til personleg refleksjon over prestetenesten og ordinasjonen og gi kjennskap til bispedømmet deltakaren er knytt til. I samlingane inngår undervising, gruppearbeid eller anna form for involvering, plenumsamtalar, erfaringar med lokalt kyrkjeliv, liturgiske samlingar og bibelstudium. O3 blir arrangert i tilknytting til stiftspraksis, og skal gi hjelp til utdjupande refleksjon over presteteneste og ordinasjon på bakgrunn av erfaringene som er gjort gjennom stiftspraksis. Biskopen og deltakeren gjennomgår praksisrapporten sammen.

Lønna stiftspraksis i fem veker inngår både i VTP-programmet og i den praktisk-teologiske utdanninga ved dei tre fakulteta. Stiftspraksis blir gjennomført i det bispedømmet deltakaren er tilknytta. Når særleg tungtveigande hensyn tilseier det, kan stiftspraksis bli gjennomført i eit anna bispedømme.

For meir informasjon se VTP.

Publisert 14. sep. 2012 11:20 - Sist endret 10. okt. 2014 15:23