print logo

God jul!

Frå 1.1.2017 er ikkje seminaret ei sjølvstendig eining, men ein del av Det teologiske fakultet (PTS) og Den norske kyrkja (KUN), sjå under.

Vi takkar for åra vi har hatt ønskjer god jul og godt nytt år 2017!

-Kling no, klokka! Ring og lokka, ring og lokka frå tusen tårn. Tona om frelsa kalla, og kalla og helsa med fred Guds born! Kling no klokka! Ring og lokka, ring og lokka får tusen tårn.

-Sjå, det dagast, snart det lagast, snart det lagast til høgtid ny! Då skal oss klokka leikande lokka, leikande lokka til helg i sky! Sjå, det dagast, snart det lagsat, snart det lagast til høgtid ny!

Kling no, klokka! Ring og lokka, ring og lokka frå tusen tårn. Tona om frelsa kalla, og kalla og helsa med fred Guds born! Kling no klokka! Ring og lokka, ring og lokka får tusen tårn.

Songar sæle, englemæle, englemæle med livsæl ljod! Far gjennom grender, strøym over strender, strøym over strender som toneflod! Songar sæle, englemæle, englemæle med livsæl ljod!

Englar kvelda: Høyr den gleda, høyr den gleda som her er hend! Ljose er runne, livert er vunne, livet er vunne, ein Frelsar send. Englar kveda: Høyr den gleda, høyr den gleda som her er hend!

Sæle stunde, store under, store under og løyndomsskatt. Møyi vart moder, Gud vart vår broder, Gud vart vår broder i jolenatt. Sæle stunder, store under, store under og løyndomsskatt.

Barn er bore. Barnekåret, barnekåret ved det med vann. Anden no føder oss til hans brøder, oss til hans brøder, Guds born som han. Barn er bore. Barnekåret, barnekåret ved det me vann.

Sjå, det dagast, snart det lagast, snart det lagast til høgtid ny! Då skal oss klokka leikande lokka, leikande lokka til helg i sky! Sjå, det dagast, snart det lagsat, snart det lagast til høgtid ny!

 

Norsk salmebok 2013 nr. 58

Publisert 19. des. 2016 11:46 - Sist endret 19. des. 2016 11:49